• om oss
  • galleri
  • utstillarar
  • om Herøy
  • bli medlem
  • ta kontakt
 

Kontaktinformasjon


Herøy Kunstlag blir drive ved frivillig innsats av eit styre på 5 personar som saman med eit arbeidsutval på 6 personar monterer utstillingane.

Vil du vite meir om kunstlaget? Eller kanskje du kan tenke deg å stille ut hos oss?
Då er dette dei rette kontaktpersonane:

Liv Margit Ertesvåg, nestleiar.
Tlf. 70 08 88 10, 450 66 005, epost: lime69@tussa.com

Aase Sivertsen, kasserar.
Tlf. 70 08 99 19, epost: aase@fokusregnskap.no

Asbjørg Håberg, sekretær.
Tlf. 70 08 85 64, epost: asbjorg.haberg@online.no

Aud Karen Pettersen, styremedlem.
Tlf. 70 08 52 47.

Ragnhild Riise, leiar.
Tlf. 70 08 66 16.

Årsmøte i Herøy Kunstlag, 2011.


Herøy Kunstlag heldt årsmøte 28. april 2011, med 16 frammøtte medlemer på Sanitetshuset, Eggesbønes. Styret er glad for god interesse for årsmøtet og engasjement som blir vist for arbeidet i laget.Leiar Ragnhild Riise ønska velkomen til eit vårpynta bord, og med fin vårsol passa "No livnar det i lundar" godt som samlingssong.
Ragnhild Riise var møteleiar og Asbjørg M. Håberg referent.

Årsmelding for 2010 ved Asbjørg Håberg vart godkjend utan merknad og viser at Herøy Kunstlag har hatt eit godt arbeidsår med 3 utstillingar i sitt faste lokale, kaféromet på Herøy kulturhus.I mars var Jacob Heltne, Volda, med måleri "Norsk natur",eggoljetempera, i september Anders Finnøy, Volda, med "Hav og fjell", oljemåleri, og i november juleutstilling med lokale kunstnarar med fleire teknikkar.

Kunstnarane har vore tilstades opningsdagen, og lokalavisa "Vestlandsnytt" har teke bilde og hatt omtale i avisen. Ved utstillingsopning i mars hadde kunstnaren, Jacob Heltne, med seg Hallkjelsvika spelemannslag til å underhalde, og tidlegare kultursjef i Volda, Brit Aanning Aarseth til å opne utstillinga og fortelje om kunstnaren. Vestlansnytt omtalte denne ettermiddagen som "kunstutstilling med kulturinnslag". Litt av det same fekk vi ved utstillingsopning i september der kunstnaren las eigne dikt med musikkinnslag. Vi takkar kunstnarane som gjorde det til ei utvida kunstoppleving for oss.

På juleutstillinga var 23 lokale kunstnarar med, det er færre enn i fjor, men vi fekk også i år med 1 ny utstillar. Kunstinteressa er framleis stor i Herøy, men besøkstalet har vore litt lågare med 440 i år, av desse var 160 elevar frå grunnskulen.Innbyding til elevar med tilsyn av lærar vert send ut gjennom skuleadministrasjonen. Medlemstalet er stabilt med 87 betalande i 2010. 12 bilde er seld på utstillingane, av desse har kunstlaget kjøpt 3 bilde til medlemslotteri og utlodding. Det faste galleriet heng framleis på kaferomet på kulturhuset som utsmykking.

Heimesida www.heroykunstlag.com presenterer vårt arbeid for omverda og er eit nyttig bindeledd til kunstnarar og andre.

NKLf. Herøy Kunstlag er tilslutta Norske Kunstforeningers Landsforbund og betaler kontingent dit pr medlem og som lag.

Andre saker vi nemner frå dette året: Kunststipend. Vi fekk Marit Moltu til å søkje fylket sitt kunststipend for 2010, og ho fekk tildelt kr. 50.000,- til sitt prosjekt. Eiksundboka. Jon Tvinnereim bad oss om hjelp til å skaffe bilde av lokal kunst med kommunikasjon som tema til bruk i ei bok om Eiksundsambandet. Sekretæren sette han i kontakt med nokre kunstnarar i kunstlaget som var interesserte. Bygderadio Vest hadde kveldssending om Kunst og Handverk 26. november. Herøy Kunstlag var også invitert og Asbjørg Håberg var med frå styret. Til slutt i årsmeldinga takkar styret det dyktige arbeidsutvalet og alle som hjelper og støttar kunstlaget på ulike måtar.

Årsrekneskap for 2010 ved kasserar Aase Sivertsen vart godkjend utan merknad. Det viser eit driftsresultat med eit underskot på kr 10.641. Det er tredje året laget har underskot. Årsrekneskap vart godkjend utan merknad.

Val v/ valnemnd. Aud Karen Pettersen la fram valnemnda sitt forslag som vart godkjend utan merknad.

Styret. Ragnhild Riise held fram som leiar 1 år. I styret er Aase Sivertsen, Aud Karen Pettersen, Asbjørg M. Håberg (attval), Liv Margit Ertesvåg (ny). Vara: Lillian Øvrelid Berge, Edith Kvalsund, Berit Berge Skjelsvik (ny).
Arbeidsutval med varamedlemer og valnemnd vart vald for 2 år ifjor, ingen endringar i år. Tormund Moltubakk held fram som revisor.

Ymse. Mange kom med gode forslag som kunne hjelpe kunstlaget med økonomien:
-for å sleppe høg husleige ved utstillingar kunne kunstlaget søkje ordførar direkte om gratis husleige på kulturhuset,
-forslag om å søkje Sparebanken Møre eller Sparebank 1 om støtte til arbeidet,
-kunstlaget kan ha utstilling i eit ledig lokale i Fosnavåg. Evt. i samarbeid med Herøy Kystlag,
-fleire støtta tanken om utstilling i eit lokale i Fosnavåg i forbindelse med advent.Dette vart vi spurt om ifjor, men hadde ikkje kapasitet til det.
Leiar meinte vi då måtte flytte juleutstillinga til oktober for å få til ei utstilling i november i Fosnavåg og takka for interesse og innspel frå medlemene.

Kveldens tema "Ei utstilling blir til". Aashild Remoey
Etter desse årsmøtesakene var det fint å gå vidare til Åshild Sævik, no høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, som fortalde med ord og bilde om førebuing og gjennmføring av utstillinga "Spor". Det var ei utstilling om levekåra til kystkvinna først på 1900-talet som ho hadde i Sjøbuda på Herøy gard i 1997, og som både unge og eldre såg og framleis hugsar for den gode måten den formidla innhaldet på. Åshild som er oppvaksen på Remøy ønska å få større kjennskap til sine formødre, og ho var den første i Herøy som tok opp temaet "Kystkvinna" med si hovudfagsoppgåve "Synleggjering av spor etter kvinna. Innsamling og utstilling".

Det fantes svært lite skrive om kvinnene i kystmiljøet. Åshild leita etter dei spor ho fann etter deira liv i innsamling av konkrete gjenstandar og i samtalar og intervju med eldre kvinner. Det var første del av hennar hovudfagsoppgåve. Andre delen var utstilling av materialet. Å lage utstilling er å formidle tankar, verdiar og kunnskap gjennom ulike utstillingsteknikkar. Vanlegvis blir tekst brukt for å forklare gjenstandar. Men Åshild brukte andre måtar for å engasjere tilskuaren og gi innleving og ei betre forståing. Det vart ein heilskap over den fordi ingen ting var tilfeldig plassert, gjenstandane var sett inn i ein samanheng som uttrykte tankane og livet til kystkvinna i strevsame kvardagar, men og i hennar feststunder. Utstillinga var som eit kunstverk minnest vi som såg den.

Men for oss på årsmøtet var det no tid for pause med servering av pastasalat, kaffi og kake.
Etter pausen viste Åshild ein film frå den reportasjen Sunnmøre lokalTV hadde gjort frå utstillinga "Spor". Her fekk vi oppleve utstillinga på nytt,og Åshild sine kommentarar på filmen understreka det ho hadde tatt opp i foredraget. Vi takka henne med applaus og blomster for eit interessant foredrag.

Medlemslotteriet. Siste årsmøtesak var trekking i det årlege medlemslotteriet, og den heldige blant betalande medlemer i 2010 var medlem nr 46, Eli Vike Nerland. Bildet som vart utlodda mellom dei frammøtte blei vunne av Janne Mari Riise Årsmøtet 2011 vart avslutta med den vakre hyllest til landsdelen vår "Å Vestland, Vestland" og leiar takka for godt frammøte.

Styret i Herøy Kunstlag
v/ Asbjørg Håberg



Copyright © Herøy Kunstlag

| om oss | galleri | utstillarar | om heroy | bli medlem | ta kontakt |