Utstillarar
Utstillingar hausten 2010
Den fyrste utstillinga til hausten finn stad 26.-30. september på Herøy kulturhus.
Det er Anders Finnøy frå Volda som stiller ut oljemåleri med motiv frå naturen.
Neste utstilling blir frå 14.-18. november på kulturhuset der alle lokale kunstnarar er velkomne til å stille ut. Og du som driv med bildelaging må merke deg dette tidspunktet dersom du vil være med.
Vanlege opningstider:
Søndag 16.00-19.00 med kunstkafe, kvardagar 18.00-20.00. Det er vanlegvis gratis inngong på utstillingane våre, men publikum kan ta lodd i eit kunstlotteri. Alle utstillingar får førehandsomtale og annonse i lokalavisa Vestlandsnytt, og ein journalist er til stades opningsdagen og intertvjuar kunstnaren for omtale av utstillinga i avisa.
I snitt har vi hatt ca 250 besøkande på kvar av utstillingane dei siste åra, og stor respons frå det publikum som er interessert i god kunst. Vi nemner nokre utstillarar utanfrå dei siste 5-6 åra:
Roy A. Dahl, Langevåg, måleriTove Stavem Reite, Volda, måleri
Ørnulf Opdahl, Godøy, grafikk
Ingunn Dahlin, Trondheim, keramisk kunst
Ola Une Ferstad Liland, Geiranger, akvarell, kol, mixed media/computerkunst
Kjell Idar Saure, Ørsta, måleri
Vi har gjerne 3 utstillingar i året, 2 med utstillarar utanfrå, og ei juleutstilling med lokale utøvarar. Vårt faste utstillingslokale har vi på Herøy kulturhus.
110 utstillingar har Herøy Kunstlag, åleine eller i samarbeid med andre, hatt gjennom sine 30 år, med både brukskunst og ulike former for bildande kunst.
''Norsk natur''
Jacob Heltne frå Volda, 14.-18. mars 2010, med utstillinga Norsk natur. Han målar landskap og gatemiljø, og nyttar eggoljetempera som er ein gamal måleteknikk, ei blanding av linolje, terpentin, vatn, pigment og egg. Blandinga blir lagt på i mange laserande lag, 20 til 40 lag. Jacob Heltne er medlem av Norsk forening for uavhengige kunstnere - NFUK. Han likar å lage ei ramme rundt utstillingane sine, og opningsdagen vart ein liten Kulturettermiddag med Halhjelsvika spelemannslag og Marie unde som spelte på sag. Det var godt besøk og mange bilde selde.
''Ut''
Hilde Bergfjord Brunvoll frå Molde hadde i oktober 2009 utstillinga Plein Air - maleri i Herøy Kunstlag. Maleria er måla utandørs, ikkje i atelier. Plein Air = open himmel. Hilde Bergfjord Brunvoll har utdanning i denne formen for maleri og ho er lærar ved vidaregåande skule i Molde. Det vart seld mange bilete med motiv frå Herøy.
Den faste Juleutstillinga var 15. til 19. november 2009.
''Nostalgi''
Dette var namnet Nils Taklo gav si utstilling i Herøy Kunstlag 8.-12.mars 2009. Det vart ein fin presentasjon av 33 av hans oljemåleri med fargerike bilde frå Runde, Skorpa og andre stader i kystkommunen Herøy. Nils Taklo som er utflytta Herøyværing, bur på Sæbø i Ørsta med utsikt til Slogen og Hjørundfjordfjella, også mange av motiva var henta derfrå. NilsTaklo er glad i fargesterke blomster som løvetann og solsikke, og då målar han med palettkniv i sin stil som han kallar ''forenkla figurativ'', store, fargesterke, glade bilde. Mykje folk var innom på utstillinga for å sjå kunsten hans og helse på ein tidlegare sambygding. Det blei også seld fleire bilde.
