• om oss
  • galleri
  • utstillarar
  • om Herøy
  • bli medlem
  • ta kontakt
 

Om oss


Velkomen til nettsidene for Herøy Kunstlag!

Herøy Kunstlag er eit kulturtilbod til alle i Herøy som er glad i å oppleve bildande kunst. Herøy Kunstlag vart skipa i 1977, og eit av føremåla i § 1 var «å gi Herøy det beste av all god kunst ved stadig å vere kritisk nyorienterande innanfor alle kunstretningar». Gjennom dei 30 åra laget har arbeidd til no er det presentert utstillingar med kjende norske og utanlandske kunstnarar og våre mange lokale kunstnarar.

Kunstinteressa er stor i Herøy. I lovene for kunstlaget heiter det: «Laget si oppgåve er å vekkje og fremje sansen for biletkunst og kultur i Herøy», og ser vi på det som blir presentert av lokale kunstnarar på juleutstillingane våre, har kvalitet og breidde i uttrykksform og teknikk vore jamt aukande.

Juleutstillinga «Lokale Kunstnarar» vert i år 20.-24. november på Herøy kulturhus.

Velkomen til alle utstillingar i Herøy Kunstlag!

Nettsidene våre blir oppdaterte før kvar utstilling.

Tradisjonen tru på utstillingane våre, blir det høve til kaffikos og prat rundt borda. På kvardagane blir utstillinga open for elevar med ansvarleg leiar på dagtid. Vi ønskjer alle velkomne til ei fin og spennande utstilling. Prøv å få med deg den spesielle opninga også.

Sjå omtale i Vestlandsnytt tysdag i veka før utstillinga, og annonse fredag før utstillinga.



Copyright © Herøy Kunstlag

| om oss | galleri | utstillarar | om heroy | bli medlem | ta kontakt |